Vaksinering hausten 2026

Gratis vaksinasjon er eit tilbod til dei i målgruppene. Det er hovudsakleg dei over 65 år, og personar med underliggande sjukdom. Du kan lese meir om desse lenger nede i saka. 

Nærbilete av ein arm som blir vaksinert - Klikk for stort bilete Adobe Stockphoto

Datoar for vaksinering

Hauge:

Bremangerhallen torsdag 19. november frå kl. 13.00-17.00.

Svelgen:

Idrettshallen tysdag 24. november frå kl. 13.00-17.00.

For å unngå lang kø, er det sett opp tidspunkt for dei ulike grendene rundt Svelgen. Du kan møte opp på andre tidspunkt, men då må du vente deg lang kø.  

13.00-14.30: Svelgen sentrum  

14.30-15.30: Årebrot, Botnane, Myklebust, Gulevegen, Kringomvegen, Krokvegen 

15.30-16.30: Rugsund, Leirgulen, Davik, Ålfoten  

16.30-17.00: Ope tidspunkt for andre

Viktig informasjon

Du kan ta vaksine mot korona, influensa og pneumokokkar på same tid dersom du er i målgruppene for alle. Det er litt ulike tilrådingar for dei forskjellige vaksinene, som du kan lese meir om lenger nede. 

Barn under 12 år som er i målgruppene blir bedne om å kontakte fastlege eller helsestasjon.

Hugs legitimasjon, eller skriv ned fødselsnummeret ditt dersom du ikkje kan dette utanåt. 

For å minske kø, ber vi om at du kler deg slik at armen er lett tilgjengeleg.   

Kven er tilrådd influensavaksine?

  • Alle som fyller 65 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Gravide i 2. og 3. trimester.
  • Personar frå 6 månaders alder med desse kroniske sjukdommane eller tilstandane:
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • Kronisk hjarte-/karsjukdom.
  • Diabetes.
  • Kronisk lever- eller nyresvikt.
  • Nevrologisk sjukdom eller skade.
  • Svekka immunforsvar (både på grunn av sjukdom og behandling).
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40).

Kven er tilrådd koronavaksine (oppfriskingsdose)?

  • Alle som fyller 75 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Personar frå 6 månaders alder med dei same kroniske sjukdommane som lista over for influensa.

Tilbod til deg mellom 65 og 74 år: Sjølv om den generelle tilrådinga om oppfriskingsdose gjeld frå 75 år, får alle i aldersgruppa 65–74 år også tilbod om vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei sjølve ynskjer det.

Kven er tilrådd vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine)?

Prevenar 20 er ei vaksine mot lungebetennelse, og vart frå 2025 ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 (som ikkje fekk i 2025) og dei som er fødde i 1961 får tilbod om denne.

Andre personar med særskilt risiko for lungebetennelse eller personar som ikkje er omfatta av programmet, men likevel ynskjer vaksine, kan ta kontakt med fastlegen sin for rettleiing.