Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og samfunnsdeltaking, og bidra til utvikling av åpne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktiviteter samt tilbod om sommer- og deltidsjobb. Målgruppa er barn og unge til og med 24 år som av ulike årsakar står i fare for å havne i utanforskap.
Kven kan søke:
Nytt av året er at kommunen sjølv ikkje kan søke midlar, men kun rangerer søknadar som kjem inn. Det er innført krav om at alle søkarar må vere registrert i Frivillighetsregisteret på søknadstidspunktet. I tillegg må søkar ha vore registrert i Enhetsregisteret og hatt aktivitet i minimum to år før søknadstidspunktet.
Søknadsfristen er 13. november
Søknad sendes inn via Bufdir sin søknadsportal: https://soknadsportal.bufdir.no/
Meir info om krav til søknad: https://www.bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/