Tilskot til freda kulturminne i privat eige

Neste søknadsfrist er 1. november 2026. 

Rugsund Handelsstad - Klikk for stort bilete Helle Frogner Foto

Kven kan søke?

Eigarar av freda kulturminne og kulturmiljø. Private eigarar blir prioriterte ved tildeling. Du kan også søke dersom du er eigar av eit kulturminne som er under erklæring, med ei pågående fredingssak eller som er mellomsbels freda.

Kva kan du søke om?

Du kan søke om tilskot til istandsetting og vedlikehald. Tilskotet skal dekke meirkostnader, heilt eller delvis, som følge av krav til antikvarisk utføring ved sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel.

Tilskot frå post 71 skal som hovedregel ikkje dekke meir enn 50 % av totalkostnaden i eit prosjekt.

Korleis søker du?

Søknad om tilskot sender du i søknadssystemet Digisak.

Nokre få fylkeskommunar har ikkje teke i bruk den nasjonale søknadsportalen. Dersom dette gjeld fylkeskommunen din, må du kontakte dei direkte for informasjon om korleis du søker.

Søknadsfrist

Neste søknadsfrist er 1. november.

Treng du bistand eller veileiing for å søke om tilskot?

Det er fylkeskommunane og Sametinget som fordelar tilskot til freda kulturminne i privat eige. Ta kontakt med din fylkeskommune eller Sametinget for å få nærare informasjon om prioriteringar eller hjelp og veileiing til søknaden. Riksantikvaren fordelar tilskot til freda kulturminne i privat eige på Svalbard og Jan Mayen.

Forskrifta for tilskotsposten gir nærare informasjon om kven som kan få tilskot, kva du kan få tilskot til, og kor mykje. Den gir også krav til søknad og rapportering.

Forskrift om tilskudd til fredete kulturminner i privat eie (post 71)

Post på statsbudsjettet

Kap. 1429 post 71.