Tilbod om samtalegruppe for pårørande til personar med demens
Å vere pårørande til ein person med demens, kan by på utfordringar. Den du er glad i endrar seg, og omsorgsoppgåvene aukar. Å møte andre som er i same situasjon kan vere ei støtte og eit bidrag til eiga meistring av dagane.
Stockphoto
Bremanger kommune ynskjer no å tilby samtalegruppe for pårørande. Her kan du fortelje og høyre andre sine opplevingar og erfaringar. Gruppa møtast over tid og kan bidra til at du finn måtar å løyse kvardag og familieliv på.
Påmelding:
Send sms til Linda Førde på mobilnummer 482 42 382
Påmeldingsfrist: 18. november 2026.
Tid og stad: Storstova på Svelgen omsorgssenter kl. 18.00 - 20.00.
Datoar:
- 3. desember 2026
- 15. desember 2026
- 13. januar 2027
- 19. januar 2027
- 26. januar 2027
- 17. februar 2027
Med atterhald om minimum tre påmeldte til samtalegruppa.
Publisert 21.10.2026 13.18
Sist endra 21.10.2026 13.18