Stenging av Svelgfossbrua

I veke 48 (måndag 23. november) startar fylkeskommunen arbeidet med vedlikehald av Svelgfossbrua, som difor blir stengt i periodar. Under ser du dei planlagde stengetidene. 

Svelgsfossbrua - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune

Merk at det vil i hovudsak kun vere stenging på dagtid, men det kan bli behov for å nytte nokre av stengetidene på natt. Følg med på 175.no for når arbeidet blir starta opp og varigheita på arbeidet. Det er tenkt arbeid måndag til torsdag (23.-26. november) og nokre dagar i veka etter ved behov. 

Stengetider på dagtid:

Kl. 08.05-08.35 (35 min)

Kl. 09.00-10.50 (1 t 50 min)

Kl. 11.00-12.30 (1 t 30 min)

Kl. 13.00-13.30 (30 min) Ikkje aktuell på fredagar grunna buss

Kl. 14.00-14.40 (40 min)

Kl. 16.00-16.50) (50 min)

Kl. 17.15-18.30 (1 t 45 min)

Stengetider på natt:

Kl. 19.00-21.00 (2 t)

Kl. 21.10-21.40 (30 min)

Kl. 22.30-00.10) (2 t)

Kl. 00.20-00.45 (1 t 25 min)

Kl. 00.50-02.15 (1 t 25 min)

Kl. 02.20-04.20 (2 t)

Kl. 04.25-05.40 (1 t 15 min)

Kl. 06.10-06.40 (30 min)

Kart over Svelgen - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune