Årsaka til stenginga er arbeid med utbetring av bekkeløpet mellom Strandvegen 31 og 33. Dei eksisterande røra som fører bekken gjennom vegen, skal skiftast ut.
Samstundes skal dei gamle vassleidningane som kryssar under bekkeløpet, bytast ut.
Arbeidet er berekna å ta fire dagar, og vegen vil vere stengd for all biltrafikk i denne perioden.
Tilkomst for gåande
Det vil bli etablert ei mellombels gangbru over bekkeløpet, slik at gåande kan passere anleggsområdet.
Vi ber alle om å vise særleg omsyn til maskinførarar og arbeidet som pågår.
Ved passering skal ein ta kontakt med maskinførar og sikre augekontakt før ein ferdast forbi anleggsområdet.
Parkering
I samband med arbeidet vil parkeringsarealet ved Strandvegen 29 bli stengt. Vi ber også om at det ikkje vert parkert langs vegen frå krysset ved Spettebakken og vidare inn i Strandvegen.
Som alternativ parkering kan ein nytte det grusa arealet mellom fylkesvegen og brua ved Meisebakken.
Bosstømming onsdag
På grunn av vegstenginga må alle som har bossømming onsdag, trille bossdunkane sine forbi vegstenginga og plassere dei på tilgjengeleg stad for renovasjonsbilen.
Vi beklagar ulempene arbeidet medfører, og takkar for forståinga og samarbeidet.