NoMil gjennomfører eit større digitalt løft med nytt kundesystem, ny app og ny nettside. Endringane blir innførte stegvis og skal leggje grunnlaget for vidare utvikling av renovasjonstenestene.
Nytt kundesystem blir hjartet i NoMil
Den 7. desember 2026 tek NoMil i bruk Adaptiv Renovasjon – det nye hjartet i NoMil. Kundesystemet samlar sentrale oppgåver som kundeinformasjon, fakturering, tømmekalendrar, arbeidslister og køyreruter. Det dannar òg grunnlaget for den nye appen og vidare utvikling av dei digitale kundetenestene.
Bakgrunnen for overgangen er at det eksisterande systemet blir avvikla ved årsskiftet, etter 25 år i bruk.
Løysinga er utvikla i samarbeid med Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) og teknologiselskapet Avinet. NoMil har hatt ansvaret for utviklinga av den nye appen.
Mitt Avfall erstattar dagens app
For kundane blir Mitt Avfall den første synlege endringa. Appen blir tilgjengeleg tidleg i januar 2027 og vil i første omgang gi eit tilsvarande tilbod som appen kundane nyttar i dag.
Den gamle NoMil-appen og Mitt Avfall vil vere tilgjengelege samstundes i ein overgangsperiode. Den gamle appen blir fasa ut i løpet av første halvår 2027.
Min Side kjem i seinare oppgraderingar
Mitt Avfall skal vidareutviklast med fleire funksjonar. I framtidige oppgraderingar er planen å tilby Min Side med innlogging via BankID. Her skal kundane kunne få oversikt over eigedom, abonnement og fakturaer, og tinge bossdunkar, bioposar og sekkar til plast.
Desse funksjonane vil ikkje vere tilgjengelege når appen blir teken i bruk i januar. NoMil vil informere nærare etter kvart som nye tenester er klare.
Ny nettside i 2027
NoMil arbeider òg med ei ny nettside som er planlagd ferdigstilt i 2027. Nettsida er ein del av den stegvise utviklinga av dei digitale kundetenestene.
Eit omfattande digitalt løft
Prosjektleiar Alexander Wilke informerer om at dette er eit stort digitalt løft for NoMil, og at det nye kundesystemet er tilpassa vårt behova og leggje til rette for vidare utvikling.
Mange endringar skjer samstundes, og det kan oppstå innkøyringsutfordringar i overgangsperioden.
Viktige tidspunkt
· 7. desember 2026: NoMil tek i bruk Adaptiv Renovasjon – det nye hjartet i NoMil.
· Tidleg i januar 2027: NoMil tek i bruk Mitt Avfall, med tilsvarande funksjonar som dagens app.
· Første halvår 2027: Den gamle NoMil-appen blir fasa ut.
· I 2027: Ny nettside er planlagd ferdigstilt.
· Framtidige oppgraderingar: Min Side og fleire digitale kundetenester kjem etter kvart. Tidspunkt blir kunngjort seinare.