Nye datoar for vaksinering

Det er sett opp ekstra dagar for vaksinering i Svelgen og på Hauge. Gratis vaksinasjon er eit tilbod for dei i målgruppene. Det er hovudsakleg dei over 65 år, og personar med underliggande sjukdom. Nærare informasjon om målgruppene finn du nederst i artikkelen. 

Adobe Stockphoto

Nye datoar for vaksinering

Hauge helsesenter onsdag 9. desember kl. 15.00-17.00

Svelgen helsesenter torsdag 10. desember kl. 15.00-17.00  

Viktig informasjon 

Du kan ta vaksine mot korona, influensa og pneumokokkar på same tid dersom du er i målgruppene for alle. Barn under 12 år i målgruppene blir bedne om å ta kontakt med fastlege eller helsestasjon.  

Hugs legitimasjon dersom du ikkje kan fødselsnummeret ditt utanåt.  For å minske kø, ber vi om at ein kler seg lett slik at armen er lett tilgjengeleg.  

Om pneumokokkvaksina:  

Prevenar 20 er ei vaksine mot lungebetennelse, og vart frå 2025 ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 (som ikkje fekk i 2025) og dei som er fødde i 1961 får tilbod om denne.

Kven er tilrådd influensavaksine?

  • Alle som fyller 65 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Gravide i 2. og 3. trimester.
  • Personar frå 6 månaders alder med desse kroniske sjukdommane eller tilstandane:
  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
  • Kronisk hjarte-/karsjukdom.
  • Diabetes.
  • Kronisk lever- eller nyresvikt.
  • Nevrologisk sjukdom eller skade.
  • Svekka immunforsvar (både på grunn av sjukdom og behandling).
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40).

Kven er tilrådd koronavaksine (oppfriskingsdose)?

  • Alle som fyller 75 år i år eller er eldre.
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
  • Personar frå 6 månaders alder med dei same kroniske sjukdommane som lista over for influensa.

Tilbod til deg mellom 65 og 74 år: Sjølv om den generelle tilrådinga om oppfriskingsdose gjeld frå 75 år, får alle i aldersgruppa 65–74 år også tilbod om vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei sjølve ynskjer det.

Kven er tilrådd vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine)?

Prevenar 20 er ei vaksine mot lungebetennelse, og vart frå 2025 ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 (som ikkje fekk i 2025) og dei som er fødde i 1961 får tilbod om denne.

Andre personar med særskilt risiko for lungebetennelse eller personar som ikkje er omfatta av programmet, men likevel ynskjer vaksine, kan ta kontakt med fastlegen sin for rettleiing.