Prosjekt som treff fondet sine kjerneområde og har potensial for vekst og nye arbeidsplassar, er målgruppa for fondet.
I tider med omstilling kan det opne seg nye marknader. Kanskje har de, eller kjenner de ei bedrift som har ein god idé, men som har blitt liggjande i skuffa?
Eller kanskje ser fleire bedrifter spanande moglegheiter saman?
Her kan NYSKAPINGSFONDET vere ein viktig medspelar i denne tidlege fasen – når risikoen er høg, men moglegheitene kan vere endå større.
Ta steget og utforsk eventuelle moglegheiter for støtte til vidare utvikling her.
Rammene for fondet opnar diverre ikkje for å støtte kostnader til investeringar i fast eigedom, utstyr og lausøyre.
Fondet har eit eige styre, med fire styremøte pr. år. Det er no klart for årets fjerde og siste styremøte for å vurdere og prioritere mellom innkomne søknader i neste møte, som er 9. desember.
Gå inn på lenka til søknadsskjema under, og beskriv prosjektet ditt og legg ved budsjett og evt andre dokument som kan vere nyttige for opplysninga om idèen din, og send inn seinast i løpet av søndag 22. november.
Lenke til søknadsskjema.
Ta kontakt med prosjektleiar i Kunnskapsparken Jøril Hovland ved spørsmål. Telefon: 48219780
PS: Om det trengs meir tid å utvikle idèen, er møteplanen for 2027 lagt. Det blir som vanleg 4 styremøte neste år også, og søknadsfristane i 2027 blir: 28. februar, 9. mai, 26. september og 14. november.