Arbeid med støypekant i Holmebakkane - Kalvåg

Det blir oppstart av arbeid med støypekant i Holmebakkane i dag, 29. oktober, mellom kl. 12.00 og 13.00.

Arbeidet vil pågå utover ettermiddagen og blir avslutta innan kl. 20.00. Arbeidet held fram fredag morgon og vidare på laurdag.

Passering med bil vil ikkje vere mogleg der vegbreidda ikkje er tilstrekkeleg. Ein må rekne med inntil to timar ventetid i periodar.

Det er planlagt å opne for trafikk i 15.30-tida i dag, slik at det passar for dei som arbeider ved Pelagia.