Det er med stor sorg vi har motteke meldinga om at vår alles gode, omtenksame og lune Kong Harald er gått bort.
I 35 år har han vore ein trygg og samlande konge for landet vårt. Han har møtt menneske med varme, nærleik og eit glimt i auga, og han har hatt ei heilt eiga evne til å vere konge – og samstundes ein av oss.
Kong Harald har vore ein sterk ambassadør for Noreg, og ein stor støttespelar for norsk kultur, idrett, friluftsliv og frivilligheit. Men kanskje aller mest vil vi hugse han for mennesket Harald – den folkelege, varme og inkluderande kongen som såg menneska han møtte.
Som ordførar i Bremanger vil eg på vegner av kommunen sende våre djupaste medkjensle til Kong Haakon, Dronning Sonja, og resten av kongefamilien i den tunge sorga.
Vi deler sorga med kongefamilien og med eit heilt land.
Takk for alt, Kong Harald.
Kvil i fred.
Hans Majestet Kong Harald V/Foto: Det Norske Kongehus