Informasjonspunkt

Eit informasjonspunkt er ein stad kor kommunen kan gi informasjon til innbyggarane når mobilnett eller internett ikkje fungerer. 

Illustrasjon av eit informasjonspunkt, kor ein mann står framfor ei forsamling menneske og peikar på ei tavle - Klikk for stort bilete DSB

Bremanger kommune jobbar for tida med å få på plass informasjonspunkt i kommunen. Målet er at dette blir klart over nyttår 2027. Informasjon om desse vil bli lagt ut her når det er klart.