Eigenberedskap – Er du førebudd?

For å styrke beredskapen i samfunnet oppmodar Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap alle til å vere førebudd på å klare seg sjølv i sju dagar.

Foto av eit beredskapslager - Klikk for stort bileteBeredskapslager Ivar Kvaal / DSB

Slik bidreg du til Noregs beredskap

Eigenberedskap

Kva gjer du dersom straumen vert vekke i fleire dagar, mobilnettet sluttar å  fungere, eller det ikkje er vatn i springen?

Sjølv om Noreg er blant verdas tryggaste land, og alt tyder på at vi vil vere det i tida som kjem, er det lurt å vere førebudd dersom noko uforutsett skulle skje.

Dei grunnleggande behova som må dekkast den første veka av ei krise er varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon.

Du er ein del av Norges beredskap

Kvart år blir Eigenberedskapveka arrangert i oktober. I 2026 er temaet for årets kampanje “Bortfall av ekom”, atlså internett og mobilnett.

Det er upraktisk når dekninga er borte, men det kan også vere alvorleg. 

– Det finns mange eksempel på at nettet fell ut i kortare eller litt lengre periodar. Det skjer. Vi må rett og slett vere førebudd, seier Tore Kamfjord, fagdirektør for eigenberedsskap i DSB. 

Han trur dei færreste av oss har tenkt godt nok over kva vi skal gjere dersom nettet forsvinn.

Å halde kontakta. Sjekke nettbanken. Kjøpe billettar. Å finne fram. Vi tenker kanskje ikkje over alt vi brukar internett til i kvardagen. Men den dagen nettet ikke virkar, merkar vi det.

– Konsekvensane kan bli store når nettet ikkje fungerer, sier Tore Kamfjord.

155.000 nordmenn var uten mobildekning i Vest- og Sør-Norge under ekstremvêret Amy i 2025. Den same romjula slo uvêr ut straumen til over 20.000 menneske i Nordland, med påfølgande utfall i mobilnettet.

Myndigheitene anbefalar at nordmenn er førebudde på å dekke sine grunnleggande behov i éi veke ved ei krise.

– Mange tar kanskje for gitt at dei kan kommunisere digitalt, sier Kamfjord.

Illustrasjon av ei bekymra bestemor som sit på ein sofa med ein telefon i handa - Klikk for stort bilete DSB

Råd frå myndigheitene ved bortall av internett eller mobilnett

Finn ut korleis kommunen informerer

Bremanger kommune jobbar for tida med å få på plass informasjonspunkt i kommunen. Eit informasjonspunkt er ein stad kor kommunen kan gi informasjon til innbyggarane når mobilnett eller internett ikkje fungerer. Meir informasjon vil kome når dette er klart. 

Ver ein beredskapsvenn

Digitale tenester gjer oss mer sårbare – samarbeid gjer oss sterkare. Finn ut kven du kan hjelpe, kven du kan få hjelp av, og kva utstyr de kan dele. Bli einige om kvar de skal møtast dersom de ikkje får kontakt med kvarandre. 

Skaff ein DAB-radio

DAB-radio brukar eit eige kringkastingsnett. Med ein DAB-radio som går på batteri, solcelle eller sveiv kan du få viktig informasjon frå myndigheitene sjølv om internett er nede og straumen blir vekke. Dei fleste bilar har også DAB-radio.

NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også dersom andre nyheitsmedier og offentlege nettstader ikkje er tilgjengelege. Les mer om varsling i kriser. 

Lad opp batteribank og utstyr

Ha ein opplada batteribank tilgjengeleg, og ekstra batteri til radioen. Ved fare for problem med mobilnett, internett eller straum; lad mobil, datamaskin og anna utstyr. Mobilen kan framleis vere nyttig, til dømes som lommelykt, eller når dekninga kjem opp og går.

Vurder abonnement med ulike mobilnett

Ha ein beredskapsvenn, eller nokon i omgangskretsen din, med abonnement som brukar eit anna mobilnett enn det du har. Då mister ikkje alle dekninga samstundes dersom det oppstår feil i eitt av mobilnetta. Mange mobiltelefonar har også moglegheit for å ha to eller fleire SIM-kort/eSIM.

Det kan vere lurt å ha ei liste på papir med viktige telefonnummer om du må låne ein telefon.

Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi

Dersom mobilnettet er nede, kan du framleis ringe eller kommunisere på andre måtar over internett. Sjekk om telefonen din støttar wifi-anrop, og korleis du slår på denne funksjonen. Avtal med andre du kjenner kva appar de også kan bruke til samtalar og meldingar, og sjå til at dei fungerer.

Sjekk om kommunen har forsterka mobilnett

Bremanger kommune har førebels ikkje forsterka mobilnett. Nkom (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) som leier programmet for forsterka ekom har som ambisjon å etablere dette i alle landet sine kommunar.