Startpakke for nytilsetteBremanger kommune tilbyr ein økonomisk startpakke for nye arbeidstakarar som vert tilsett i kommunal stilling etter 01.01.2025. Målet er å rekruttere nødvendig kompetanse i offentleg sektor. FøremålTilskotsordninga skal stimulere til rekruttering og tilflytting til Bremanger kommune. TilskotetStartpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30 000,-(100% stilling) i inntil fem år, totalt kr. 150 000,-. MålgruppeTilskotet vert gitt til nytilsette i Bremanger kommune som er, eller blir, folkeregistrert i Bremanger kommune innan tre månader etter startdato. VilkårVed deltidsstilling vert tilskotet avkortatilsvarande.Tilskotet gjeld tilsetting i fast stilling i minst 50%.Ved auke i stillingsstorleik i 5 års perioden vil tilskotet auke tilsvarande. Perioden vert ikkje utvida.Ein arbeidstakar kan berre bli omfatta av tilskotet ein gong.Tilsette som tidligare har vore fast tilsett i verksemda har ikkje rett til tilskotet før det har gått fem år etter sluttdato (det kan gjerast unntak for studentar som har hatt fast deltidsstilling). RetningslinjerRetningslinjer for startpakke til nytilsette i kommunale stillingar (PDF, 928 kB) Publisert 08.01.2025 14.33 Sist endra 30.06.2026 09.44