Bremanger3(1).jpg

Om Bremanger

Bremanger kommune er Sogn og Fjordane i miniatyr! Her får du ei oppleving av heile fylket – frå storhavet til isbre på nokre timar.
Bremanger har ei spesiell historie. Heilt sidan siste istid har området vore i fokus for jakt, fangst og fiske. Folket her ute ved kysten har alltid hatt sterke kommunikasjonslinjer med resten av landet og Europa. Dette er det fleire døme på. Utgravingar kring Skatestraumen har avdekka nær 4000 år gamle reiskap frå Austersjøområdet. Vingen, Nord- Europas største helleristningsfelt, var truleg ein regional kultstad av rang, noko 4000 gåtefulle bilete i fjellet ennå i dag vitnar om.

I heile kommunen finn vi spanande spor av menneskeleg verksemd. Også i nyare tid har Bremanger vore ein møtestad, først og fremst ved at det rike sildefisket brakte tusenvis av ivrige fiskarar til Kalvåg. Etter krigen kom etableringa av ein moderne industristad i Svelgen. Omgrepet «kultur» tyder endring frå natur til kultur. Ingen andre kommunar har ei slik historie som oss, «Kulturkommunen Bremanger».

Innan dei ulike næringsgreinene er vi i stand til å møte utfordringane for framtida. Eit mål for kommunen er nyskaping, nyetablering og omstilling. Bremanger kommune er ei næringsvennleg kommune. Vi set heilskapen i fokus, og prioriterer det som skal til for at menneska og verksemder skal lukkast. Våre 4.200 innbyggjarar har tilbod om 8 barnehagar og 7 skular! Dei kommunale tilboda skal vere der folk bur.

Trygge og gode oppvekst- og nærmiljø er avgjerande for at folk skal trivast. Like viktig som kvaliteten på det kommunale tenestetilbodet er mangfaldet innanfor kulturlivet. Idrett og dei frivillige organisasjonane står for kulturelle møtestader og sosiale nettverk. Aktiviteten i kor, korps, musikklag og rockeklubbar visar at musikk står sterkt i den lokale identiteten. Kvart år vert det arrangert arrangement som «Sommerakademiet» og «Bremanger Rockweekend» med profesjonelle aktører og stor oppslutnad. Slik utviklar vi kommunen.

Naturopplevingane i Bremanger er både unike og kraftige. Åleine på jakt, fisketur på fjorden eller på utflukt med turlaget – naturen her er skapt for rekreasjon og fysisk utfalding. I naturreservat og landskapsvernområder kan ein i våre 830 kvadratkilometer også nyte dyrelivet og stillheten. Det er mellom anna dette som gjer at vi trivst, og at vi finn det gode liv i Bremanger.

I Bremanger får du verkeleg smaken av heile fylket. På berre nokre timar har du fått med deg opplevingar som spenner frå storhavet til isbreen! Dyrelivet i Bremanger er rikt og variert.Vi har verna område for sjøfugl, samstundes som du finn naturreservat i fjellet. Våtmarksområde og landskapsvernområde vitnar nettopp om eit Sogn og Fjordane i miniatyr. Jakt på hjort og småvilt er like spennande som å fiske i dei utallege fjellvatna som ligg heilt opp mot 1000 meters høgde. Vil du klatre i fjellheimen kan du nå heilt opp til 1600 meter over havet.

Ordnar du telt, står naturen for resten! Eller du kan ta strandhogg mellom holmar og skjær ute ved kysten, finne din eigen rolege plett, di eiga vesle strand, sjå kveldsola gå ned i havet, rake krabber eller slenge snøret ut for ripa. Når du legg frå deg snøre og garn i Nordfjorden, kan du ta turen opp til den vestlegaste isbreen i Noreg, Ålfotbreen. Det er merka turløyper opp og opplevinga er majestetisk. Frå isbreen kan du mellom anna sjå Hornelen, Nord-Europas høgste sjøklippe, 860 meter rett opp frå havet. Dersom du er sprek, kan du som vikingkongen Olav Trygvason klatre beint opp fjellet på Hornelen. Dei fleste held seg til dei merka løypene opp.

Det er ikkje berre dykkarklubbane som er aktive i det maritime. Havet og fjordane er opne for kajakkpadling, segling og båtliv elles. Men ein må og ha eit auge på den andre trafikken. Spesielt i Frøysjøen. Dette har vore hovudferdsleåra langs vestlandskysten sidan siste istid, noko dei mange arkeologiske funna og dei historiske levningane langs Frøysjøen talar sitt tydelege språk om. Dei historiske levningane og funna langs Frøysjøen er unike i Noreg.

Om naturen byr på mange og varierte utfordringar, er kulturlivet like mangfaldig og spennande. Eit rikt musikkliv og utøvarar som spenner frå barnehage til pensjonistar i alder, idrett, kunst og kystkultur er sterke ingrediensar i dei mange arrangementa du kan oppleve i Bremanger.
Småverktøy SkriftsstørrelseNettstadskartBilete frå BremangerUtskriftsvenleg versjon
 
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Bremanger Kommune| Rådhuset | Postboks 104, 6721 Svelgen | Tlf. 57 79 63 00 | Opningstid: 08.00 - 15.30 post@bremanger.kommune.no