|
|
|
Tilflytting til Nordfjord
Vil nederlendarar flytte til Bremanger?
Bremanger kommune tek del i prosjektet Tilflytting til Nordfjord, som har fokus på nederlendarar som ynskjer å busette seg i Noreg. Hovudmålet med prosjektet er å motverke ugunstig folketalsutvikling og mangel på arbeidskraft, som følgje av forgubbing. Delmål er å hente nye innbyggjarar/arbeidstkarar, nye bedrifter, entreprenørar og spesialkompetanse til Nordfjord. Prosjektplanen finn de elles som eit vedlegg i PDF-format nedanfor.
Hjelp til privatpersonar og bedrifter
Privatpersonar i Bremanger vil gjennom prosjektet få mulegheit til å annonsere hus/leilegheiter/gardsbruk til sal gjennom prosjektet si nederlandske internettside, www.norsk.nl/nordfjord. Det same vil gjelde for selskap/personar som vil selje næringsbygg/bedrifter.
Selskap vil også kunne få hjelp til å rekruttere arbeidskraft. Dersom det er snakk om rekruttering av personar med spesialkompetanse kan ein gjennom prosjektet, til dømes, få hjelp til målretta annonsering i Nederland.
Leiar for prosjektet er Marcel Meijer, som sjølv nettopp har flytta frå Nederland til Bremanger.
Vi håpar de tek kontakt med han dersom de treng hjelp til sal av hus/eigedom/bedrifter eller rekruttering av arbeidskraft
(kontakinformasjon finn de nedanfor).
|
|
|
|
|
|
|
|