Bremanger3(1).jpg

Aktivitetar

Fiske, fjellvatn
Unike opplevingar
Ein sti gjennom det kulturelle mangfaldet kan gå gjennom merka løype frå Keipen turlag. Eit vilt kyst- og fjellandskap blir dermed
tilgjengeleg via sikre tråkk. Medan idrettslivet som regel er organisert aktivitet, er friluftslivet hovudarena for individuell utfalding og oppleving.

Bremanger er ei av dei største hjortekommunane i Noreg. Gjennom alle tider har hjortejakta stått sentralt, både som matauke og som friluftsaktivitet. Dyrelivet i Bremanger er rikt og variert.Vi har verna området for sjøfugl, samstundes
som vi har naturreservat i fjellet.

Våtmarksområder og landskapsvernområder vitnar nettopp om Sogn og Fjordane i miniatyr. Jakt på hjort og småvilt er like spanande som fiske i dei utallege fjellvatna som ligg heilt
opp mot 1000 meters høgde.Ordnar du telt, står naturen for resten!

Jeger- og fiskerforeningen er ikkje dei einaste som ferdast til fjells.
Når du legg frå deg snøre og garn i Nordfjorden, kan du rusle opp til den vestlegaste isbreen i Noreg, Ålfotbreen. Det er merka turløype opp og opplevinga er majestetisk.

Frå isbreen kan du mellom anna sjå Hornelen, Nord-Europas høgste sjøklippe 860 meter rett opp frå havet. Dersom du er sprek, kan du som vikingkongen Olav Trygvason, klatre beint opp fjellet. Dei fleste held seg til merka løype.

Det er ikkje berre dykkarklubbene som er aktive i det maritime. Havet og fjordane er opne for kajakpadling, segling og båtliv elles. Men ein må ha eit auge på den andre trafikken. Spesielt i Frøysjøen. Dette har vore hovudferdselsåra sidan siste istid. Dei historiske levningane og funna langs Frøysjøen er unike i Noreg. Velkommen til ei kulturhistorisk rundreise!


Fiske
Å Fiske er attraktivt kvar du enn er i kommunen. Anten du dreg ut på eiga hand, eller er med kjentmann på sjark, er dette noko for heile familien.

Å dra torskeruser, krabbeteiner eller slenge snøret ut for ripa gjev ikkje berre matauk, det er også balsam for sjela. I tillegg til sjøfiske kan du bl.a. i Ålfoten–Svelgen området fiske etter aure i dei mange fjellvatna. Fiskekort får du bl.a kjøpe på Myklebustsætra.

Krabberaking
Har du nokon gong vore med på krabberaking? I Kalvåg kan du få vere med på dette! Krabberaking går føre seg på hausten i august november. Her kan du ta krabbane med berre nevane! Strandhogg

Det flott å berre ta ut båten og ta eit strandhogg. Her kan du risikere å finne deg ein holme eller ei fjøre heilt for deg sjølv! Her er mange slike plassar i kommunen.

Fotturar
Vi har vi eit mangfald av flotte fotturar i Bremanger. Med eige turkart kan du ta deg fram til dei fleste på eiga hand, vi har også godt merka turløyper. I tillegg kan du ta turen med guide i regi av Turlaget. Dei har arrangerte turar heile sommaren og utover hausten. Hornelen er eit spennande turmål.

Turen tek frå 3–5 timar ein veg og tek deg opp til nord-Europas høgaste sjøklippe. Her har du utsikt over 7 prestegjeld! Turen kan du ta åleine på merka stiar, eller med guide. Langs og på Ålfotbreen har ein mange spennande toppar, og eit utruleg flott landskap, her kan du i eit jafs få med deg breen, fjella og havet – ei storslått oppleving. Her kan du få med deg guide.

Fjellklatring
Fjella rundt Svelgen og Myklebustdalen byr på mange spennande klatreruter. I alt finns her 35 bolta fjellklatreruter å velje mellom. Det er eit spennande terreng, mange utfordringar og ein storslått natur.

Vintersport
I myklebustdalen kan du nyte dagen i langrennsløypa, ta deg lange skiturar, eller finne deg ein flott akebakke med barna. Lysløypa for langrenn strekker dagane litt lenger.

Ekstremsport
Bremanger er godt eigna til ekstremsport både til sjøs, i lufta og til lands. Med Frøysjøen som arena er Havrafting ein aktivitet som får fram «magasuget». Fjorden byr på flott arena for Vannskisport.

Brettsegling kan du boltre deg med ute mot havet, her er muligheten mange. Svelgen er eit flott område for Hanggliding og paragliding. I Svelgen går dei fleste elektriske kablar i bakken, og landingstilhøva er gode.

Jakt
Hjortejakt er stort i Bremanger kommune, og i Myklebusdalen er jakt kultur. Gode jaktvald og godt jaktterreng gjer dette til den del av kommunen det vert skotne flest dyr, men også ytre del av kommunen har gode jakttradisjonar. Til saman er ein ei leiande hjortekommune i landsmålestokk. Ynskjer du å prøve Småviltjakt kan du kjøpe jaktkort. Naturopplevinga får du på kjøpet!

Bading
Visste du at Bremanger kan tilby kilometervis med flotte sandstrender? Grotlesanden er ei av desse. Med silkemjuk sand så langt auge rekk, er dette ein stad ein gjerne tilbringar dagen. Har du båt, kan du og ta turen til Vetvika. Her kan du nyte roen, fjella, havet og sola.

Sightseeing
Ta turen med «Gamle Opstad». Den gamle «melke og passasjerbåten» har funne sin renessanse i Kalvåg og er ein populær båt til fisketurar og sightseeing. Området rundt Kalvåg er storslått. Visste du forresten at Kalvåg er omkransa av om lag 700 holmar og skjær?
Småverktøy SkriftsstørrelseNettstadskartBilete frå BremangerUtskriftsvenleg versjon
 
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Bremanger Kommune| Rådhuset | Postboks 104, 6721 Svelgen | Tlf. 57 79 63 00 | Opningstid: 08.00 - 15.30 post@bremanger.kommune.no