|
|
|
Bli med på Slagordkonkurranse!
Kva er typisk med oss i kommunen Bremanger? Vi oppmodar alle innbyggjarane i kommunen til å komme med forslag til slagord for Bremanger
Dei siste åra har vi profilert oss som kulturkommune, frå fjord til bre og så vidare. No vil vi ha eit slagord som kan nyttast framover, og DU kan vere den som kjem med det beste forslaget!
Sett deg ned og lag eit slagferdig, fengjande slagord som du synes passar for kommunen, noko vi kan slå oss på brystet med framover.
Vinnarslagordet vil bli nytta på reklame, informasjon, profileringsartiklar og anna, og vil vere ein del av kommunen si profilpakke.
Vi må ha forslaget ditt før 15. august.
Vi setter ned ein jury som vil plukke ut det beste forslaget. Vinnaren blir kåra i slutten av august, og vil få ein flott premie, ein berbar PC.
Send inn til:
Bremanger kommune Kultursjefens kontor Postboks 104 6723 SVELGEN
Eller på e-post: slagord@bremanger.kommune.no
Tom Joensen Espen Frøysland
Rådmann Kultursjef
Publisert av
Fløtre, Sylvi Mari.
Sist endra 29.06.2010
|
|
|
|
|
|
|
|