Bremanger3(1).jpg

Utlysingar i samband med reguleringsplanarbeid

Her kan du lese meir omvedteken reguleringsplan for Buvika, Kalvåg, vedteke planprogram for reguleringsplan Kalvøya og planoppstart reguleringsplan Smørhamn, høyring av planprogram.

Vedteken reguleringsplan for Buvika, Kalvåg

Kommunestyret har i sak KST-022/10 vedteke reguleringsplan for eit område i Buvika på Kalvåg. Hovudføremåla er byggjeområde for bustader/fritidsbustader og sjøområde for fiskerføremål.

Planvedtak for overnemnd plan kan påklagast av dei som har rettsleg klagetilgang. Klagefrist er tre veker frå denne utlysinga/motteke varsel. Planen kan ein sjå på Rådhuset og Bremanger kommune si internettside. Mogeleg klage stilast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, men sendast Bremanger kommune ved Formannskapet, pb 104, 6723 Svelgen, eller e-post post@bremanger.kommune.no.

For verknader av vedteken reguleringsplan viser ein til Plan- og bygningslova § 31. Krav om erstatning eller innløysing etter Plan- og bygningslova §§ 32 og 42 må vere framsett seinast tre år etter denne kunngjeringa.

Vedteke planprogram for reguleringsplan Kalvøya

Kommunestyret har i sak KST-031/10 vedteke planprogram for detaljreguleringsplan for Kalvøya. Føremålet med planen er tilretteleggjing for fiskerihamn og landareal for fiskeriretta verksemd. Planområdet omfattar Kalvøya, tilkomst og eit område på Kalvøya sørside. Planprogrammet konkluderer at det ikkje er krav til konsekvensutgreiing, men behov for ekstra utgreiingar kring m.a. trafikktilhøve på land/sjø og gjennomstrøymingstverrsnitt Kalvøysundet.

Planoppstart reguleringsplan Smørhamn, høyring av planprogram

Formannskapet har i sak 083/10 vedteke framlegg til planprogram for områderegulering og detaljregulering med konsekvensutgreiing for eit område på ca 500daa i Smørhamn. Planen skal leggje til rette for hamn, industriareal og masseuttak. Konsekvensutgreiinga vil fokusere på m.a. landskap og ureining.

 

Vi bed om innspel til planarbeid Smørhamn og merknader til planprogrammet innan 2. august.  Merknader og innspel skal vere skriftlege og sendast Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen eller  post@bremanger.kommune.no . Planprogrammet er å sjå på Rådhuset i Svelgen og hos Kalvåg Spar. Det ligg på kommunen si heimeside. Spørsmål til planen rettar ein til 916 94 136 el. epost inger.hilde@bremanger.kommune.no.

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 24.06.2010
Småverktøy SkriftsstørrelseNettstadskartBilete frå BremangerUtskriftsvenleg versjon
 
Kan vi hjelpe deg Kan vi hjelpe degSøknadssenterLedige stillingar
     
Nyhende
Validator
Levert av ACOS AS
Bremanger Kommune| Rådhuset | Postboks 104, 6721 Svelgen | Tlf. 57 79 63 00 | Opningstid: 08.00 - 15.30 post@bremanger.kommune.no